Arrangementer

Kurs, seminarer og konferanser i regi av Difi

Brukarråd for Difis fellesløysingar

Adresse Hotel Alexandra, 6789 Loen, Nordfjord (kart)
Startdato 23.05.2018 09:00
Sluttdato 24.05.2018 16:00
Påmeldingsfrist 23.04.2018
Påmeldingslink Til ekstern påmelding
Pris 0
Ansvarlig Olav Skarsbø, tlf: 90993462

Difi har gleda av å invitera våre kundar og samarbeidspartar til årets store høgdepunkt. Velkommen til Brukarrådet for Difis fellesløysingar 23. og 24. mai 2018! Vi ynskjer å gi dykk ei oppleving og eit arrangement du kjem til å hugse resten av livet. Årets Brukarråd for Difis fellesløysingar er lagt til Alexandra Hotell i vakre Loen, Nordfjord.

Generelt

Turen til Loen er i seg sjølv ei oppleving. Ta gjerne bilen saman med gode kollegaer og køyr til Loen. Du kan og fly til Ørsta-Volda eller Sandane der vi har sett opp buss som ventar på deg på nokon utvalde fly. Du kan og fly til Ålesund og ta leigebil til Loen, ca 3 timar køyring i flott vestlandsnatur.

I mai 2017 opna Loen Skylift - ein spektakulær attraksjon i hjartet av Fjord Norge. Frå fjordbygget startar oppstigninga med pendelbana til fjellet Hoven. Etter nokre minutt i luftig svev kjem du til fjellbygget og restauranten der du får eit 210 graders panoramautsyn med utsikt til Skåla og Lovatnet i aust, Jostedalsbreen og Olden i sør, og ut Nordfjorden som buktar seg vidare mot Stryn. Her inviterer vi til festmiddag på restaurant Hoven.

Programmet for samlinga er under arbeid. Du kan melde inn saker du ynskjer vi skal ta opp på Brukarrådet på e-post til idporten@difi.no innan 15.april


Førebels tidsskjema / program:

23.mai
09:00     Innlegg frå våre samarbeidspartnarar

11:00     Opning av Brukarrådet 2018
11:15     Fagleg program
12:00     Lunsj
13:05     Fagleg program
16:30     Avslutning
20:00     Festmiddag på Hoven

24.mai
08:00     Frukost og utsjekk
09:00     Fagleg program
12:30     Lunsj
13:30     Fagleg program
14:15     Avslutning

 

Vi oppmodar deg til å komme til Loen tysdag 22.mai og har sett opp nokon forslag til flytider.

Bestill fly i god tid og gjerne før du melder deg på Brukarrådet!

Fly til Ørsta/Volda eller Sandane med Widerøe. Det vert sett opp buss frå hotellet til desse flytidene

Dato

Flyrute

Avreise

Ankomst

Marknad

22.mai

Oslo – Ørsta/Volda (WF149)

16:10

17:20

Direktefly

22.mai

Oslo – Ørsta/Volda (WF179)

18:45

19:55

Direktefly

22.mai

Oslo – Sandane       (WF153)

16:20

17:25

1 mellomlanding

23.mai

Oslo – Ørsta/Volda (WF173)

08:00

09:10

Direktefly

23.mai

Oslo – Sandane       (WF153)

08:20

09:57

1 mellomlanding


Du kan og fly til Ålesund med SAS eller Norwegian og ta leigebil frå Ålesund til Loen, ca 3 timar køyring

Retur

Fly frå Ørsta/Volda,  Sandane eller Førde med Widerøe. Det vert sett opp buss frå hotellet til desse flytidene.

Dato

Flyrute

Avreise

Ankomst

Markand

24.mai

Ørsta/Volda – Oslo (WF178)

16:05

17:10

Direktefly

24.mai

Ørsta/Volda – Oslo (WF178)

17:40

19:25

1 mellomlanding

24.mai

Sandane – Oslo       (WF153)

17:45

19:25

1 mellomlanding

24.mai

Førde – Oslo            (WF194)

17:00

18:00

Direktefly

 

Sist endret 29.01.2018