Arrangementer

Kurs, seminarer og konferanser i regi av Difi

Brukarråd for Difis fellesløysingar

Sted Loen
Adresse Hotel Alexandra, 6789 Loen, Nordfjord (kart)
Startdato 23.05.2018 09:00
Sluttdato 24.05.2018 16:00
Påmeldingsfrist 02.05.2018
Påmeldingslink [Påmeldingsfristen er passert]
Pris 0
Ansvarlig Olav Skarsbø, tlf: 909 93 462

Difi har gleda av å invitera våre kundar og samarbeidspartar til årets store høgdepunkt. Velkommen til Brukarrådet for Difis fellesløysingar 23. og 24. mai 2018! Vi ynskjer å gi dykk ei oppleving og eit arrangement du kjem til å hugse resten av livet. Årets Brukarråd for Difis fellesløysingar er lagt til Alexandra Hotell i vakre Loen, Nordfjord.

Generelt

Turen til Loen er i seg sjølv ei oppleving. Ta gjerne bilen saman med gode kollegaer og køyr til Loen. Du kan og fly til Ørsta-Volda eller Sandane der vi har sett opp buss som ventar på deg på nokon utvalde fly. Du kan og fly til Ålesund og ta leigebil til Loen, ca. 3 timar køyring i flott vestlandsnatur.

I mai 2017 opna Loen Skylift - ein spektakulær attraksjon i hjartet av Fjord Norge. Frå fjordbygget startar oppstigninga med pendelbana til fjellet Hoven. Etter nokre minutt i luftig svev kjem du til fjellbygget og restauranten der du får eit 210 graders panoramautsyn med utsikt til Skåla og Lovatnet i aust, Jostedalsbreen og Olden i sør, og ut Nordfjorden som buktar seg vidare mot Stryn. Her inviterer vi til festmiddag på restaurant Hoven.

Program

Onsdag 23. mai

Tid  Tema
09:00   Speed-dating med leverandørar og samarbeidspartar
11:00 Opning av Brukarrådet v/avdelingsdirektør Torgeir Strypet, Difi
11:15 Kva forventningar har regjeringa og departementet til oss?
  v/Jan Hjelle, ekspedisjonssjef i Kommunal- og moderningsdepartementet
11:45 Status og utviklingsplanar for ID-porten, KRR, Digital post og eSignering
  v/seksjonssjef Frode Danielsen og produktsjefer
13:00 Lunsj
14:00 Erfaring og effektar med bruk av nasjonale fellesløysninger
  v/Kjetil Espedokken, Husbanken
14:35 Digital post: Meirverdi for innbyggar. Leverandørene sin utviklingsplanar
  v/produktsjef Ellen Marie Langen, Difi
  Digipost v/Bård Haakonsen og e-Boks v/Geir Aasen
15:20 Pause
15:40 Samarbeid og informasjonsflyt - Ny Samarbeidsportal
  v/Marianne Strypet og Erlend Husabø, Difi
16:10 Samla oversikt over fellesløysningar i offentleg sektor v/Ragnar Brevik, Difi
16:30 Avslutning dag 1
19:00 Loen Skylift
19:45 Middag på Hoven

 

Torsdag 24. mai

Tid Tema
09:00   Strategi for meldingsutveksling i offentleg sektor. Kan vi ta med erfaringer med EHF
  og Peppol vidare til nye bruksomåde? v/Helge Bang og Jens Aabol, Difi
09:50 Forenkling, effektivisering og smart informasjonsflyt. Kva er eFormidling og korleis
  fungerer det? v/Rune Kjørlaug Difi
  Altinn som leverandør av post til verksemder og organisasjonar v/Roy Horn, Altinn
10:30 Pause
10:50 Erfaring med innføring og  bruk av eFormidling. Statens sivilrettsforvaltning, Kontoret for
  voldsoffererstatning, Fylkesmannenen i Nordland, Sogn og Fjordane, Flora kommune og
  Vågsøy kommune
12:00 Lunsj og utsjekk
13:00 Digital inspirasjon, teknologi, organisasjon og kultur v/Helge Skrivervik, myMAYDAY
14:00 Avslutning og oppsummering
14:10  Avreise - Buss til flyplassen

 

Vi oppmodar deg til å komme til Loen tysdag 22.mai og har sett opp nokon forslag til flytider.

Bestill fly i god tid og gjerne før du melder deg på Brukarrådet!

Fly til Ørsta/Volda eller Sandane med Widerøe. Det vert sett opp buss frå hotellet til desse flytidene

Dato

Flyrute

Avreise

Ankomst

Marknad

22.mai

Oslo – Ørsta/Volda (WF149)

16:10

17:20

Direktefly

22.mai

Oslo – Ørsta/Volda (WF179)

18:45

19:55

Direktefly

22.mai

Oslo – Sandane       (WF153)

16:20

17:25

1 mellomlanding

23.mai

Oslo – Ørsta/Volda (WF173)

08:00

09:10

Direktefly

23.mai

Oslo – Sandane       (WF153)

08:20

09:57

1 mellomlanding


Du kan og fly til Ålesund med SAS eller Norwegian og ta leigebil frå Ålesund til Loen, ca. 3 timar køyring

Retur

Fly frå Ørsta/Volda,  Sandane eller Førde med Widerøe. Det vert sett opp buss frå hotellet til desse flytidene.

Dato

Flyrute

Avreise

Ankomst

Markand

24.mai

Ørsta/Volda – Oslo (WF178)

16:05

17:10

Direktefly

24.mai

Ørsta/Volda – Oslo (WF178)

17:40

19:25

1 mellomlanding

24.mai

Sandane – Oslo       (WF153)

17:45

19:25

1 mellomlanding

24.mai

Førde – Oslo            (WF194)

17:00

18:00

Direktefly

 

Kostnadar:

Brukarrådet har ingen deltakaravgift.

Overnatting 22. - 24. mai inkludert full pensjon: kr 2780,-

Overnatting 23. - 24. mai inkludert full pensjon: kr 1690,-

Buss t/r Sandane eller Ørsta-Volda lufthamn - Alexandra hotel: kr 690,-

Loen Skylift t/r og festmiddag på Hoven 23. mai: kr 1630,-

Deltakarane må sjølv dekke reiseutgiftene.

  

Sist endret 16.05.2018